top of page

På farten med Idrett Uten Alkohol

Det skjer mykje spennande rundt Idrett Uten Alkohol for tida! Dei siste vekene har vi vore ute på fleire arrangement, møtt mange fine menneske og starta nye samarbeid som betyr mykje for oss. For det er nettopp der vi ønskjer å vere – midt i idrettsgleda og fellesskapet.

Den siste tida har vi blant anna vore på Fanalekene, Åsaneløpet, InnerLimit HYROX, Battle Of Sunnfjord og Den Stygge Andungen Ultra. På Åsaneløpet fekk vi prate med både barn, ungdom og vaksne om prosjektet vårt, noko vi set stor pris på. Samtidig var det veldig kjekt å vere til stades på Battle Of Sunnfjord og InnerLimit HYROX, der vi fekk møte eit litt eldre publikum enn vi ofte gjer elles. Slike arenaer gir oss moglegheit til å komme i kontakt med fleire menneske som er opptatt av trening, helse og gode miljø.



Denne månaden har vi også fått to nye samarbeidspartnarar; Den Stygge Andungen Ultra og Kvammen IL. For oss handlar samarbeid om å finne arrangørar og miljø som ønskjer å løfte fram mykje av det same som vi er opptatt av. Og kva er det? Fellesskap, meistring og gode opplevingar rundt idrett og aktivitet, der alkohol ikkje har noko plass.


Og, vi er ikkje ferdige endå! I juni går turen vidare til Voss Cup. Vi er ekstra glade for samarbeidet med Voss Cup, som vi meiner er ein veldig flott frontfigur for mykje av bodskapen vår. Dei har blant anna utarbeidd eigne «voksenreglar» som gjeld gjennom heile cuphelga. Det viser at dei tek ansvar for å skape eit trygt, inkluderande og godt miljø rundt barna og ungdommane som deltek.


Gjennom å vere til stades på arrangement og i idrettsmiljø rundt om i landet får vi moglegheit til å møte barn, ungdom, foreldre, trenarar og andre vaksne direkte. Det gir oss moglegheit til å skape samtalar, bygge relasjonar og løfte fram sunne og gode haldningar rundt alkohol og idrett. Samtidig bidreg slike samarbeid og aktivitetar til å gjere rusfrie møteplassar meir synlege og tilgjengelege i ulike delar av idretten.


Vi ser fram til ein spennande og innhaldsrik sommar vidare, med fleire arrangement, fleire møte og mange gode samtalar rundt om i idretts-Noreg ☀️ Tusen takk til alle arrangørar, samarbeidspartnarar og menneske vi får møte på vegen. Det betyr mykje for oss å få vere ein del av så mange kjekke miljø!

 
 
 

Kommentarer


bottom of page