Ny medarbeidar på plass!
- marte
- for 5 døgn siden
- 2 min lesing
Det skjer mykje spennande i Idrett Uten Alkohol for tida, og no styrkjer vi laget med ein ny prosjektmedarbeidar. Vi er svært glade for å ønskje Amalie Gjeraker velkomen til prosjektet, og ser fram til alt ho skal bidra med i tida som kjem.

Amalie er ei 26 år gamal jente, som kjem frå Bergen. Med master i grunnskulelærarutdanning, med fag som kroppsøving, pedagogikk og samfunnsfag, har ho ein solid fagleg bakgrunn. I tillegg til dette har ho fleire studiepoeng innan idrett, trening og kosthald. Tidlegare har ho jobba som lærarvikar på ungdoms- og vidaregåande skule, og som arrangementskoordinator under U23-EM i friidrett. Alt med stor suksess!
Amalie skal jobbe 50 % i Idrett Uten Alkohol oss, samt 50 % i Hordaland Friidrettskrets - der som prosjektkoordinator. Med andre ord: Amalie er ei engasjert jente, og ein god ressurs med eit stort hjarte for idretten.
Det som går att i erfaringa hennar, er eit sterkt engasjement for tryggleik, førebyggjande arbeid og idrettsglede. Ho er oppteken av å skape gode rammer der menneske kan oppleve meistring, tilhøyrsle og fellesskap. Verdiar som ligg tett opp til det vi jobbar for kvar dag. For Amalie betyr det mykje å få vere ein del av både Edru Livsstil og Idrett Uten Alkohol. Arbeidet med førebygging og utvikling av alkoholfrie møteplassar engasjerer henne sterkt, både generelt i samfunnet og spesielt innanfor idretten.
I tida framover vil ho bidra innan aktivitetar, arrangement, kommunikasjon og oppfølging. Ho ser fram til å bli godt kjend med organisasjonen, samarbeidspartnarar og alle som er ein del av IUA-fellesskapet. Ta ho godt i mot!
Og heilt til slutt - ein liten funfact! Ho har Guinness verdsrekord i ring muscle ups.




Kommentarer