Vi i Idrett Uten Alkohol er glade for å kunne ønskje velkomen til den nye nettsida vår. Her har vi samla informasjon, kunnskap og praktiske ressursar for alle som ønskjer å bidra til trygge og inkluderande idrettsmiljø utan alkohol- og ruspress.
Den nye nettsida er utvikla for å gjere det enklare for trenarar, leiarar, føresette, utøvarar og idrettslag å finne informasjon og verktøy dei kan bruke i kvardagen. Sida vil vere ein stad for både inspirasjon og konkrete råd om korleis vi saman kan skape gode rammer rundt barn og unge i idretten.
Ny digital kursplattform
Ein viktig del av nettsida er den nye kursplattforma vår. Her vil vi tilby eit digitalt kurs om korleis ein kan jobbe førebyggjande innad i klubbar og organisasjonar.
Kurset skal gi deltakarane kunnskap, refleksjonsoppgåver og praktiske verktøy som kan brukast i idrettslaget. Opplegget er utvikla med tanke på at det skal vere enkelt å ta i bruk, anten ein er trenar, leiar, føresett eller har ei anna rolle i idretten.
Før kurset blir gjort breitt tilgjengeleg, prøver vi det ut saman med utøvarar og klubbar. Tilbakemeldingane deira hjelper oss med å gjere innhaldet relevant, forståeleg og nyttig for dei som skal bruke det.
Ressursar som kan brukast i klubben
På nettsida vil de også finne artiklar, råd, retningslinjer, og liknande. Ressursane kan brukast i mellom anna trenarmøte, foreldremøte, samtalar med utøvarar og arbeidet med retningslinjer i klubben.
Nettsida og kursplattformen skal utviklast vidare etter kvart som vi får nye erfaringar og tilbakemeldingar. Målet er å byggje opp ein lett tilgjengeleg verktøykasse for alkohol- og rusførebyggjande arbeid i idretten.
Ta gjerne ein titt
Vi håpar nettsida blir nyttig for alle som arbeider for ein trygg, inkluderande og alkoholfri idrett. Ta gjerne ein titt, del sida med andre og send oss ei tilbakemelding dersom du har innspel eller ønskjer å vite meir.
Utviklinga av nettsida og kursplattforma er gjennomført med støtte frå Sparebankstiftelsen SR-Bank. Vi er svært takksame for støtta, som har gjort det mogleg å samle og gjere ressursane våre tilgjengelege for fleire.




